Kunstnaren som entrepenør

Kunstnaren som entrepenør

– Jeg tror kunstnere har et stort potensial for å tenke på seg selv som entreprenører i større grad enn i dag, sier kulturminister Thorhild Widvey (H) i avisa Klassekampen 29.01.

Wanderer above the sea and fog. 1818. Caspar David Friedrich.

Wanderer above the sea and fog. 1818.
Caspar David Friedrich.

Kva meiner ho med det? Entrepenøromgrepet er sentralt i forståinga av nyliberalismen som politisk ideologi. Entrepenøren er personifiseringa av det frie menneske på den frie nyliberale marknaden. Difor er entrepenøromgrepet eit politisk lada omgrep. Kven er det kulturministeren vil at kunstnarane skal være? Kva er kunstnaren som entrepenør? Ein stad å starte er hos den russiskfødde forfattaren og filosofen Ayn Rand (1905–1982). Rands roman De som beveger verden (1957) er mellom anna Framstegspartiets leiar Siv Jensens favorittbok. Den vart i 2006 kåra til verdas viktigaste bok av forlaget Random House. Kva seier Rand om entrepenøren?

Rand hevdar at individualisme, egoisme og rasjonell tenking er einaste vegen til fridom, og at fridom berre finst på den frie marknaden. For Rand er ein entrepenør eit Ubermensch (Sjå Nietzsche Slik talte Zaratustra, 1999. Mot entrepenøren står staten, fagforeiningar, byråkratar og arbeidarar og alle andre som hevdar fellesskap og felles verdiar. Dei må bekjempast. Entrepenøren er den einaste garantien for demokrati og friheit. Utan den kapitalistiske entrepenør vil samfunnet bli eit tyranni. Difor er han òg ein forfulgt minoritet, jaga og trakassert for sine verdiar og meiningar av eit aggresivt byråkrati, av den politiske venstresida og alle andre som ikkje deler verdssynet hans. (Sjå Rand Capitalism: The Unknown Ideal, 1967, s. 40 – 62). Rand hevdar at alle ueigennyttige handlingar eigentleg er maskert egoisme. Det same gjeld for moral og makt. Moralsk bevisstheit er, ifølgje Rand, dei svake sin maktreiskap. Moral er difor berre eit utslag av viljen til makt, og viljen til makt har ikkje nokon motsetnad. Frå denne ståstaden hevdar Rand at det er opp til ein sjølv å definere likskap og forskjellar, innsikt, kunnskap og moral. Difor er òg konsekvensen av Rand si tenking at når alle normer er eliminerte er det berre maktproblematikken som står att. Anten vert ein utsett for makt, eller så bruker ein makt sjølv. Rand hevdar at alle tilnærmingar som foreset ein skilnad mellom ein rasjonell diskusjon og rein maktbruk, er berre ideologisk maskering av det som eigentleg går føre seg, nemleg viljen til makt. Ho knytter det overmenneskelege til fornuft (rasjonell eigeninteresse) og økonomi (entrepenør) og hennar politiske retorikk spelar på religiøse strengar og kampen for ein endeleg siger for den forfølgde og utvalgte entrepenør. Den religiøse symbolstrukturen er ei viktig side ved den store appellen til nyliberalismen. (Husk at Widvey meiner at ho har “Jesus bakpå sykkelen”).

Den nyliberale førestillinga om at statleg detaljstyring er til hinder for individuell fridom er av Michel Foucault omtalt som ein statsfobi. (sjå Foucault, Michel: Biopolitikkens fødsel. Forelesninger på Collège de France 1978–1979, 2009). Den er ein skråplanargumentasjon om at det i staten bur ein dynamikk som gjer at staten vil bli styrt av særinteresser og til slutt ende i tyrrani. Statsfobien seier staten vil vekse og tilslutt ta over sivilsamfunnet. Og statsfobien trur at ulike statsformer er greiner på det store statstreet og at det derfor er likegyldig kva type stat ein har med å gjere. Dette utgjer, i følgje Foucault, ”det store fantasme om den paranoide og altfortærende stat”. For å hindre dette ein, i nyliberal tenking, framelske det frie, individuelle entrepenørskapet med fri marknad og fri handel. Om naudsynt må dette innførast med makt.

I dette landskapet ligg påstanden om at kunstnarane har “sugerør i statskassa”. Carl I. Hagen sa ein gong: “En trenger ikkje å fø på slikt”. Det gjer at særinteresser, som eit påstått samrøre mellom kunstnarar og stat, må fjernast. Difor må alle stipendordningar bort, statsstøtte fjernast, sugerør øydeleggjast. Widvey vil difor sette alle kunstnarar fri ved å gjere dei til entrepenørar. Då er dei frie til å underkaste seg marknadens evige omkalfatringar i en kamp alle mot alle, utan støtte og stipend, i eit kappløp mot botnen der den som underbyr resten vinn. Det gjer samstundes at kunst som politisk og samfunnskritisk arena er truga. For kunstnaren kan ikkje kritisere oppdragsgivaren, då mister han oppdraget. Eller som kulturministeren sier det: De må tenke som entreprenører og bli mindre avhengige av offentlig støtte”.

 

Simon Malkenes

Forfattar av Bak fasaden i Osloskolen